Bilder fra boka | ||
Alle bileta i dette albumet er fotografi henta frå Flickr, der dei er lagt ut under ulike former av Creative Commons-lisens. Dette betyr at alle som vil kan bruke bileta fritt, så lenge fotografen blir kreditert og andre spesifiserte krav blir respektert.
Fotografia er ikkje meint å skulle illustrere kvar enkelt tekst, men stå for seg sjølv,
som eksempel på denne spesielle delingskulturen. I skrivande stund ligg det på Flickr meir enn 90 millionar fotografi med ulike CC-lisensar. Fotografia i albumet utgjer eit forsøk på eit kvalitativt lite utval av dette mylderet. For å finne dei, har eg leita gjennom hundrevis av sider, sett tusenvis av bilete. Det er bilete som er tekne av ulike fotografar frå ulike delar av verda. Folk som i utganspunktet ikkje har noko med kvarandre å gjere, men som ønsker å dele det dei har sett.
Arne Svalastog
biletredaktør
www.creativecommons.no
www.creativecommons.org
www.flickr.com/creativecommons



















